Til hovedsammen Til www.kirken.no
  søndag 05. sep. 2010              Velkommen til Fjell kyrkjelyd
Kyrkja
Hovudside
Soknerådet
Prestegjeldet
Kyrkjekontoret
Tilsette
T-dagen
Basecamp
Kyrkjas lovverk
Nyttige linker

Kyrkjeblad
Kyrkjeblad for Fjell

Kyrkjelege handlingar
Gudstenester
Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd
Inn- og utmelding

Kontakt oss
Kontakt oss

Aktuelt
Aktivitetsoversikt
Fotoalbum
Abonner


Søk i nettstedet:

Aktiviteter i september 2010 for:
ma ti on to fr



Visjon for trusopplæringa vår

Visjonen vår er ei raus og tydeleg kyrkje der barn og unge får hjelp til å leve livet i tru, håp og kjærleik.

Målet vårt:

Vi skal utvikle ei systematisk trusopplæring som fremjar kristen tru, gir kjennskap til den treeinige Gud og hjelp til livstolking og livsmestring for alle døypte i alderen 0- 18 år uansett funksjonsnivå.

 

Kva er T-dagane i Fjell?

 T-dagen i Fjell er trusopplæringsdagen det året barna og ungdomane fyller år. Til dømes T7-dag det året dei fyller sju år.

T-dagen er å bli kjent med trua dei er døypte til!

T-helsinga får borna og ungdomane i posten årleg- der er det viktig innhald!

T-dagen er viktig for å erfare at vi er ein del av kyrkja!

T-dagen er like sjølvsagt som å bere borna til dåpen!

 

Kvifor har vi T-dagar i Fjell?

Stortinget har vedteke ei trusopplæringsreform for alle døypte born og unge frå dåpen til og med 18 år.

Fjell kyrkjelyd (med kyrkjene Landro, Fjell og Foldnes) er i full gong med trusopplæringsprogrammet T-dagen. Det inneber ein trusopplæringsdag og ei T-helsing kvart år med ulikt innhald.

Trusopplæringa er viktig fordi dåp og opplæring høyrer saman. Det er kyrkja som saman med foreldra har dette ansvaret. Slik skal det vere like alminneleg å delta på T-dagane som å bere barna til dåpen. Barna må få lære å kjenne den kristne trua dei er døypte til. Trua gjev håp og hjelp til å meistre livet.

Kristen tru og kristne verdiar har prega folket vårt og Fjellsamfunnet i mange hundre år. Det ser vi i språk, litteratur, musikk og biletkunst. Denne kulturarven vil kyrkja i Fjell bringe vidare til nye generasjonar.

 Vil du vite meir om T-dagane?

T-dagen i Fjell har eigen nettside http://www.t-dagen.no/, og her finn du informasjon om til dømes dei einskilde T-dagane http://www.t-dagen.no/?main=dagane, påmeldingsskjema http://www.t-dagen.no/?main=pamelding og kontaktinfo http://www.t-dagen.no/?main=kontakt. Vi høyrer gjerne frå deg!




Velg kyrkjelyd :


Fjell kyrkjelyd
send en e-post

Besøksadresse
Skjenet 8
Inngang Sør
2. etasje

Postadresse
Fjell kyrkjekontor
Postboks 184
5342 STRAUME

Telefon
55 09 74 40 

Faks
55 09 74 41




www.t-dagen.no



www.bibelen.no




www.krik.no/


www.kfuk-kfum.no/


  Powered by: www.i-tools.no